Episodes

  • Fjellet er ope
    Jul 2 2020
    Bli med til fjells, 1000 meter over havet til ei av DNTs 44 betjente hytter, Stranddalshytta i Ryfylket. John Nilsen, hyttevertskapet, visste ikkje kva fjellsko var då han byrja i jobben for eitt år sidan. No lengtar han etter hytta så fort han har stengt den for vinteren. Korleis vart han fjellfrelst, og kva gjer han for å sikra smittevern gjennom anleis-sommaren?  Programleiar: Mari Stephansen

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show More Show Less
    26 mins
  • Sporlaust på tur
    Jun 25 2020
    I anleisåret 2020 har naturen i endå større grad enn tidlegare blitt ein fristad for fleire av oss både til dagsturar og overnatting. I sommar skal dei aller fleste feriera i Norge - og mange vil ut i naturen. Kva bør du som turgåar gjera for å sikra at naturen ikkje tek skade av deg? Kva unntak gjeld ved bålfyring, kvifor er slynger tingen når du heng opp hengekøya og kva triks gjer at du finn att doplassen din om natta? Torkil Reinertsen er turleiar i DNT ung og gjest i denne episoden. Han gjev deg eit kræsjkurs i kva du bør vita.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show More Show Less
    22 mins
  • Lofoten
    Jun 11 2020

    Utanlandske turistar valfartar nordover kvar sommar for å oppleva midnattsola, dei kvasse fjella, det turkise havet og dei kvite strendene. I år er det vår tur. Undersøkingar viser at Lofoten topper lista over kor nordmenn ynskjer å feriera i sommar. Øygruppa i Nordland er eit eldorado for turgåing, fiske, surfing og dykking. Fjell og Vidde-journalist og turbok-forfattar Kristin Folsland Olsen, som sjølv har budd i Henningsvær i 20 år, veit kva du bør sjekka ut. 

     


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show More Show Less
    29 mins
  • Skjulte perler
    Jun 4 2020
    Årets sommar er ei gåvepakke for me som bur i Norge. Utan tilreisande er landet reservert for oss og me kan velga turmål, overnatting og aktivitetar frå øverste hylle. Men utanfor dei mest besøkte stadene, ventar dei mindre trafikkerte områda. Julie Maske, mangeårig journalist i Fjell og Vidde, har gått klassikarane, men også dei stiane få andre går. I denne episoden av DNT sin podkast Tursommer utfordrer ho deg til å ta steget inn i eit ukjend turområde.  Programleiar: Mari Stephansen

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show More Show Less
    25 mins
  • Kajakkturar i Norge
    May 28 2020
    Kystlinja i Norge er den nest lengste i verda etter Canada. Me har skjærgard og fjordlandskap - og elver og innsjøar i fleng. Med null konkurranse frå utanlandske turistar har me alt dette for oss sjølve i sommar. Kor er dei flotteste turane? Kva må ein tenka på før ein legg ut på kajakktur i sommar? Kajakkinstruktør Svein Sætre har padla frå Finnmark i nord til Mandal i sør og er vekas gjest i DNT sin podkast Tursommer.  

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show More Show Less
    31 mins
  • Ferietips landet rundt
    May 14 2020
    Kvar er det best å reisa på base-ferie i Norge? Kor er dei finaste strendene og dei flottaste fjellturane? Kor kan ein sova i ei vintønne og på kva nordlandsøy lagar dei sin eigen whiskey? Kor kan du sykla gjennom Norges vakraste seterdal og frå kva topp i Jotunheimen er det fint å aka ned? Alt dette- og mykje meir - får du svar på i denne episoden av Tursommer. Gjestar er Visit Norway-redaktør Christine Beglo og Fjell og Vidde-redaktør Trygve Sunde Kolderup. Programleiar: Mari Stephansen

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show More Show Less
    33 mins